søndag 14. februar 2010

Første dagen i Takotna!


Valentines day 14 feb. hadde eg date med Dick - ein fangstmann på 79 år. Turen gjekk til Boob Creek på scooter langs ei av fangslinjene han har hatt dei siste 30 år. Sesongen for pelsfangs går mot slutten så alle fellene skulle tas inn og eventuelle mår skule tas inn.


Langs linja kom me stadig over spor frå ei svunnen tid då Takotna var supply-by for alle gullgraverar i området.


Etter 4 timer kom me til slutten av fangstlinja. Der traff me gullgravar og sjølerklært "Outlaw", Ron. Han hadde nok ikkje sett folk sidan sommaren og var litt lei av å snakke med hundane sine for han snakka meir Alex Rosèn på speed.



På slutten av dagen sjekka eg snarene eg hadde satt dagen før - first trap kill! Liten "Snowshoe" hare. Nøgd.

1 kommentar:

  1. Hey! viss eg skulle velgje mellom OL og ein tur til Alaska så er valget enkelt: ALASKA!

    Kjekt å følgja deg! Det er ein del kattar som må passa seg når du kjem heim...

    SvarSlett