tirsdag 9. mars 2010

Beverbonanza og BBQ!

Etter ein lengre minldvérsperiode hadde endeleg gradestokken blitt blå igjen og kinna røde. Det hadde gått nokre dagar sidan sist me sjekka dei 60 beversnarene og me var svært spente då me spente på oss skia og tok turen opp elva. Dei første snarene me skulle sjekke hadde me satt
på eit hus me oppdaga berre to dagar tidlegare. Feed-pilen var tydeleg, men vatnet var grunt og grumsete og me hadde eigentleg ikkje særleg trua på fangst. Skepsisen var derimot ubegrunna og allereie på første holet kikka det opp ein våt gnagar. Ekko frå jubelen hadde ikkje lagt seg før også neste hol gav fangst - dagen var redda! Med to bever i pulken trava me opp elva i retning neste hus der me kunne plukka med oss nok ein feit bever og ein liten tass me kalla "Bobby". 70 kg bever i pulken - bra dag!

Mårsesongen vart avslutta 28.feb så dei neste dagane gjekk med til beverflåing - eit nøysommeleg og tidkrevande arbeid for ufaglærte... Men beveren har ikkje berre ein fantastisk flott pels! Kjøttet skulle visstnok være svært smakfullt og det måtte me prøve. Tore og eg vomma ut ein delvis frossen bever, smurte den inn i BBQ-saus og la den ved vedovnen over natta så den ikkje skulle fryse. Neste dag laga me grill etter beste evne og kosa oss i solsteiken medan beverfettet fresa i bålet.

Men idyllen varte ikkje lenge før Majliz
kom tilbake frå ein liten
formiddagstur langs fangslinja til Dick. På vegen hadde ho støtt på ein familie med Spruce Grouse, eller "Stupid Chicken" som den er kjent som i Alaska. Denne (fatalt) tillitsfulle jerpa flykta ikkje då ho gjekk forbi, men spaserte istaden rett over skia hennar. Med uskutt vilt i teig varte det ikkje lenge før 4 av oss var på fullt firsprang ut i skogen med kvar vår hagle. Etter ein kort gåtur skaut me 6 fugl på 2-3 minutt - rått! Forretten til beveren var sikra.

BeverBBQ var ein ubetinga suksess, men Tore og eg var ikkje sikre på om alle anvedelsesområde til gnagaren var kartlagt. Eit knippe skallar vart kokt og fettet frå ryggen vart lagt i ei gryte over bålet for å lage olje. Neste kveld kunne alle spele Yatzi i lyset av ei vaskekte beverlampe! Ein diabolsk kreasjon...