torsdag 25. februar 2010

Fangstlivet er i gang!

Litt over ei veke har gått sidan me tok turen til Dick`s Cabin for å leve livet som fangstmenn! Første dagen gjekk med til ein rask leksjon i mårfangst før Tore, Magnus, Magne og eg staka ut ein kurs opp i eit fantastisk flott terreng der ein ikkje hadde drive med fangst på 20-30 år. Me tok med oss 6 feller kvar og bytta på å brøyte spor til fangstlinja og satte feller etter kvart som me fann ein passane stad. Det viste seg å vere mange spor langs ein åskam med glissen Black Spruce (lokal granart som veks på tundraen) der måren jakta smågnagerar i laussnøen. Perfekt! På hytta satt resten av gjengen og byrja å bli smånervøs for kva som hadde hendt oss då me kom tilbake til ferdiglaga middag klokka 9 på kvelden. Hendene som lukta av råttent mår-åte vart vaska og middagen vart inntatt med stor appetitt før eg fann fram soveposen. Bra dag!

Dei neste dagane gjekk me laus på hovudmålet vårt for dei neste to vekene – alle skal ha med minst eit beverskinn heim til gamlelandet. Metoden dei brukar i Alaska for å få fatt på denne forvokste rotta med flat hale og vanntett pels kan vere svært arbeidskrevande. Førs må ein finne eit aktivt beverhus med fersk ”feed pile” beståande av diverse tresortar som beveren har samla samen i løpet av hausten og satt fast i bunnsedimenta for å ha noko å tygge på i løpet av vinteren. Toppane av desse trea stikk opp av isen og gir ein god indikasjon på kvar ein kan sette snarene. Ein tar deretter eit stykk spett, ber ei stille bønn om tynn is og startar å hogge eit stort rundt hol. Med 70 cm stålis er dette eit arbeid som du kjenner dagen etter! Er det nok vatn under isen sett ein ei ung bjørk i midten og festar tre snarer i kvar sin granstokk like under isen i pilspissformasjon rundt bjørka. Beveren blir forhåpentlegvis henrykt over arbeidet du har lagt ned for å gi den ny mat, svømmer bort til bjørka for å ta den med seg inn i huset, men blir sittande fast i snarene og raskt kvalt.

I skrivande stund har me laga 21 hol med 3 snarer og har fanga ein oter (Otto) og to bever (Bjarne og Børre). Mårfellene har og gitt oss ein mår kvar, 4 stk, der to av dei gjekk i mine feller – artig! Mor mi fekk minkpels av far min då ho vart 30 og mårpelsen ho får av meg til 50 årsdagen er på god veg!

søndag 14. februar 2010

Første dagen i Takotna!


Valentines day 14 feb. hadde eg date med Dick - ein fangstmann på 79 år. Turen gjekk til Boob Creek på scooter langs ei av fangslinjene han har hatt dei siste 30 år. Sesongen for pelsfangs går mot slutten så alle fellene skulle tas inn og eventuelle mår skule tas inn.


Langs linja kom me stadig over spor frå ei svunnen tid då Takotna var supply-by for alle gullgraverar i området.


Etter 4 timer kom me til slutten av fangstlinja. Der traff me gullgravar og sjølerklært "Outlaw", Ron. Han hadde nok ikkje sett folk sidan sommaren og var litt lei av å snakke med hundane sine for han snakka meir Alex Rosèn på speed.



På slutten av dagen sjekka eg snarene eg hadde satt dagen før - first trap kill! Liten "Snowshoe" hare. Nøgd.

fredag 5. februar 2010

Januarsamling med "Cirkum Polare - Alaska"







Lars fekk rype i snara! Eg hadde óg hatt besøk i ei snare som eg satt opp, men hadde superkrefter og tok likegodt med seg heile snara og forsvann.


Bålkos.


Fjellbjørk i solgangsbris.


Frisk bris rett i mot.


Eivind poserer villig for kamera.


Slik såg rommet til Magnus og meg ut. Kven treng senger og lagringsplass?


Motlys på dundisko!



Første bål-kaffi.

Sjeldne perlemorskyer ved Orros.




Magne les seg opp på Potehelse.



Magnus og Tore dansar for fiskelykke før dei trekk opp ståsnørene som viste seg å ha fanga ei fin lake i.l.a. natta. Lake er den einaste torskefisken i Norge som lev i ferskvatn og smakar fortreffeleg, men ser ut som glatt avføring.