torsdag 25. februar 2010

Fangstlivet er i gang!

Litt over ei veke har gått sidan me tok turen til Dick`s Cabin for å leve livet som fangstmenn! Første dagen gjekk med til ein rask leksjon i mårfangst før Tore, Magnus, Magne og eg staka ut ein kurs opp i eit fantastisk flott terreng der ein ikkje hadde drive med fangst på 20-30 år. Me tok med oss 6 feller kvar og bytta på å brøyte spor til fangstlinja og satte feller etter kvart som me fann ein passane stad. Det viste seg å vere mange spor langs ein åskam med glissen Black Spruce (lokal granart som veks på tundraen) der måren jakta smågnagerar i laussnøen. Perfekt! På hytta satt resten av gjengen og byrja å bli smånervøs for kva som hadde hendt oss då me kom tilbake til ferdiglaga middag klokka 9 på kvelden. Hendene som lukta av råttent mår-åte vart vaska og middagen vart inntatt med stor appetitt før eg fann fram soveposen. Bra dag!

Dei neste dagane gjekk me laus på hovudmålet vårt for dei neste to vekene – alle skal ha med minst eit beverskinn heim til gamlelandet. Metoden dei brukar i Alaska for å få fatt på denne forvokste rotta med flat hale og vanntett pels kan vere svært arbeidskrevande. Førs må ein finne eit aktivt beverhus med fersk ”feed pile” beståande av diverse tresortar som beveren har samla samen i løpet av hausten og satt fast i bunnsedimenta for å ha noko å tygge på i løpet av vinteren. Toppane av desse trea stikk opp av isen og gir ein god indikasjon på kvar ein kan sette snarene. Ein tar deretter eit stykk spett, ber ei stille bønn om tynn is og startar å hogge eit stort rundt hol. Med 70 cm stålis er dette eit arbeid som du kjenner dagen etter! Er det nok vatn under isen sett ein ei ung bjørk i midten og festar tre snarer i kvar sin granstokk like under isen i pilspissformasjon rundt bjørka. Beveren blir forhåpentlegvis henrykt over arbeidet du har lagt ned for å gi den ny mat, svømmer bort til bjørka for å ta den med seg inn i huset, men blir sittande fast i snarene og raskt kvalt.

I skrivande stund har me laga 21 hol med 3 snarer og har fanga ein oter (Otto) og to bever (Bjarne og Børre). Mårfellene har og gitt oss ein mår kvar, 4 stk, der to av dei gjekk i mine feller – artig! Mor mi fekk minkpels av far min då ho vart 30 og mårpelsen ho får av meg til 50 årsdagen er på god veg!

1 kommentar:

  1. Hey! Skal du overgå far din nå?! Dessuten var det vaskebjørnspels hu fekk av meg..ikkje kom her! Nåvel, her på berget lever me ganske likt dokke, ut og brøyte snø kvar dag, få ein og annan kunde i fella så ein har til maten og ellers satse på at isen går før 17. mai! Far.

    SvarSlett