fredag 7. mai 2010

Langtur i Brooks Range!

I Mars stod langtur på programmet i Alska. Kort oppsummert: Gjekk langt på ski, gjekk ikkje fort nok til å komme fram til Coldfoot i tide, måtte snu, såg jern, jerv jerv jerv, skaut mengder med hare, skaut enda fleire ryper, hadde 16 fantastiske dagar på tur.
























Eivind kjøler seg av i varmen.



Tørking av soveposar på ein kviledag.

























På elva varierte forholda mellom knedjup snø, is, og overvatn.



Etter to veker med intensiv stirring i tretoppar etter Porcupine fekk me edeleg auge på eit eksemplar! Artig gnagar.



Etter lange dagar på ski var bål på kvelden digg!



Nydelig utsikt nedover elva...



På fridagane prioriterte nokon av oss å komme oss opp i høgda og få litt oversikt i staden for å ligge rundt bålet i leir.



Etter ~40 skudd med .22 rifla mi traff eg endeleg ei rype. På tide med nytt kikkertsikte...



Siste leir før me gjekk tilbake til Dalton highway. Ettersom turen vart kortare enn planlagt hadde me mengder av mat igjen. Her dagens første av tre middagar tilberedt medan Tore og Mathias måler intellekt over eit slag cribbage.



På veg mot vegen.



Solnedgang siste dag.

Takk for turen!

tirsdag 9. mars 2010

Beverbonanza og BBQ!

Etter ein lengre minldvérsperiode hadde endeleg gradestokken blitt blå igjen og kinna røde. Det hadde gått nokre dagar sidan sist me sjekka dei 60 beversnarene og me var svært spente då me spente på oss skia og tok turen opp elva. Dei første snarene me skulle sjekke hadde me satt
på eit hus me oppdaga berre to dagar tidlegare. Feed-pilen var tydeleg, men vatnet var grunt og grumsete og me hadde eigentleg ikkje særleg trua på fangst. Skepsisen var derimot ubegrunna og allereie på første holet kikka det opp ein våt gnagar. Ekko frå jubelen hadde ikkje lagt seg før også neste hol gav fangst - dagen var redda! Med to bever i pulken trava me opp elva i retning neste hus der me kunne plukka med oss nok ein feit bever og ein liten tass me kalla "Bobby". 70 kg bever i pulken - bra dag!

Mårsesongen vart avslutta 28.feb så dei neste dagane gjekk med til beverflåing - eit nøysommeleg og tidkrevande arbeid for ufaglærte... Men beveren har ikkje berre ein fantastisk flott pels! Kjøttet skulle visstnok være svært smakfullt og det måtte me prøve. Tore og eg vomma ut ein delvis frossen bever, smurte den inn i BBQ-saus og la den ved vedovnen over natta så den ikkje skulle fryse. Neste dag laga me grill etter beste evne og kosa oss i solsteiken medan beverfettet fresa i bålet.

Men idyllen varte ikkje lenge før Majliz
kom tilbake frå ein liten
formiddagstur langs fangslinja til Dick. På vegen hadde ho støtt på ein familie med Spruce Grouse, eller "Stupid Chicken" som den er kjent som i Alaska. Denne (fatalt) tillitsfulle jerpa flykta ikkje då ho gjekk forbi, men spaserte istaden rett over skia hennar. Med uskutt vilt i teig varte det ikkje lenge før 4 av oss var på fullt firsprang ut i skogen med kvar vår hagle. Etter ein kort gåtur skaut me 6 fugl på 2-3 minutt - rått! Forretten til beveren var sikra.

BeverBBQ var ein ubetinga suksess, men Tore og eg var ikkje sikre på om alle anvedelsesområde til gnagaren var kartlagt. Eit knippe skallar vart kokt og fettet frå ryggen vart lagt i ei gryte over bålet for å lage olje. Neste kveld kunne alle spele Yatzi i lyset av ei vaskekte beverlampe! Ein diabolsk kreasjon...









torsdag 25. februar 2010

Fangstlivet er i gang!

Litt over ei veke har gått sidan me tok turen til Dick`s Cabin for å leve livet som fangstmenn! Første dagen gjekk med til ein rask leksjon i mårfangst før Tore, Magnus, Magne og eg staka ut ein kurs opp i eit fantastisk flott terreng der ein ikkje hadde drive med fangst på 20-30 år. Me tok med oss 6 feller kvar og bytta på å brøyte spor til fangstlinja og satte feller etter kvart som me fann ein passane stad. Det viste seg å vere mange spor langs ein åskam med glissen Black Spruce (lokal granart som veks på tundraen) der måren jakta smågnagerar i laussnøen. Perfekt! På hytta satt resten av gjengen og byrja å bli smånervøs for kva som hadde hendt oss då me kom tilbake til ferdiglaga middag klokka 9 på kvelden. Hendene som lukta av råttent mår-åte vart vaska og middagen vart inntatt med stor appetitt før eg fann fram soveposen. Bra dag!

Dei neste dagane gjekk me laus på hovudmålet vårt for dei neste to vekene – alle skal ha med minst eit beverskinn heim til gamlelandet. Metoden dei brukar i Alaska for å få fatt på denne forvokste rotta med flat hale og vanntett pels kan vere svært arbeidskrevande. Førs må ein finne eit aktivt beverhus med fersk ”feed pile” beståande av diverse tresortar som beveren har samla samen i løpet av hausten og satt fast i bunnsedimenta for å ha noko å tygge på i løpet av vinteren. Toppane av desse trea stikk opp av isen og gir ein god indikasjon på kvar ein kan sette snarene. Ein tar deretter eit stykk spett, ber ei stille bønn om tynn is og startar å hogge eit stort rundt hol. Med 70 cm stålis er dette eit arbeid som du kjenner dagen etter! Er det nok vatn under isen sett ein ei ung bjørk i midten og festar tre snarer i kvar sin granstokk like under isen i pilspissformasjon rundt bjørka. Beveren blir forhåpentlegvis henrykt over arbeidet du har lagt ned for å gi den ny mat, svømmer bort til bjørka for å ta den med seg inn i huset, men blir sittande fast i snarene og raskt kvalt.

I skrivande stund har me laga 21 hol med 3 snarer og har fanga ein oter (Otto) og to bever (Bjarne og Børre). Mårfellene har og gitt oss ein mår kvar, 4 stk, der to av dei gjekk i mine feller – artig! Mor mi fekk minkpels av far min då ho vart 30 og mårpelsen ho får av meg til 50 årsdagen er på god veg!

søndag 14. februar 2010

Første dagen i Takotna!


Valentines day 14 feb. hadde eg date med Dick - ein fangstmann på 79 år. Turen gjekk til Boob Creek på scooter langs ei av fangslinjene han har hatt dei siste 30 år. Sesongen for pelsfangs går mot slutten så alle fellene skulle tas inn og eventuelle mår skule tas inn.


Langs linja kom me stadig over spor frå ei svunnen tid då Takotna var supply-by for alle gullgraverar i området.


Etter 4 timer kom me til slutten av fangstlinja. Der traff me gullgravar og sjølerklært "Outlaw", Ron. Han hadde nok ikkje sett folk sidan sommaren og var litt lei av å snakke med hundane sine for han snakka meir Alex Rosèn på speed.



På slutten av dagen sjekka eg snarene eg hadde satt dagen før - first trap kill! Liten "Snowshoe" hare. Nøgd.

fredag 5. februar 2010

Januarsamling med "Cirkum Polare - Alaska"







Lars fekk rype i snara! Eg hadde óg hatt besøk i ei snare som eg satt opp, men hadde superkrefter og tok likegodt med seg heile snara og forsvann.


Bålkos.


Fjellbjørk i solgangsbris.


Frisk bris rett i mot.


Eivind poserer villig for kamera.


Slik såg rommet til Magnus og meg ut. Kven treng senger og lagringsplass?


Motlys på dundisko!



Første bål-kaffi.

Sjeldne perlemorskyer ved Orros.




Magne les seg opp på Potehelse.



Magnus og Tore dansar for fiskelykke før dei trekk opp ståsnørene som viste seg å ha fanga ei fin lake i.l.a. natta. Lake er den einaste torskefisken i Norge som lev i ferskvatn og smakar fortreffeleg, men ser ut som glatt avføring.